Opna hovudmenyen
Stamnen på «Smyril», ein færøysk robåt frå 2003.

Stamn (frå norrønt stafn) er ein båtdel som står opp i baugen eller akterdelen og dannar eit framhald av kjølen. Han er særleg ein viktig struktur i farkostar laga av tre, men finst også på andre typar skip og båtar.

Stamnen kan stå loddrett opp av vatnet eller danna ein spissare vinkel. Han kan ha ulike dekorasjonar, som utskjeringar, gallionsfigurar og anna. Forsseggjorte stamnar har mellom anna verka som statussymbol.

Forseggjorte stamnarEndra

VikingskipEndra

 
Bildestein frå Gotland som viser vikingskip med spiralar i stamnane, i tillegg til eit påsett dyrehovud.

Vikingskip er kjende for høge stamnar både framme og akter.[1] Skipa kunne ha utskoren ornamentikk langs heile stamnen og ned til kjølen, i tillegg til ei utskjering øvst. Særleg drakehovuda på nokre av dei, som kunne symbolisera kongs- eller høvdingstatus, er mykje omtalte, og gjorde at skipa blei omtalte som «drakeskip» eller «drakar».[2] Andre dekorasjonar, som spiralar, er kjende frå skip som Osebergskipet.[3]


AplusterEndra

Apluster er ei bøygd vifteform som sat i stamnen til nokre båtar i antikken. Forma blei brukt på myntar for å framstilla sjømakt.[4]

Kongeleg flåteEndra

Sør- og Søraust-Asia har ein tradisjon for kunstnarisk utførte kongeflåtar som blir brukte ved høgtidelege høve. Desse kan ha stamnar forma som dyr, menneske eller fabelvesen og sirlige dekorasjonar. Kongelege flåtar i Thailand er utstilte i eit nasjonalmuseum ved Bangkok Noi-kanalen i Bangkok, og blir framleis brukte ved viktige høve.


KjelderEndra

  1. «Skipstyper i vikingtiden», Vikingskip og norske trebåter (vitja 22. juni 2014)
  2. Ervan G. Garrison: A history of engineering and technology: artful methods, s. 111.
  3. «Osebergskipet var et spesielt flott fartøy», Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (1. nov. 2012).
  4. Apluster, forumancientcoins.com