Bra er ein by og ein kommune i provinsen Cuneo i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 30 000 ibuarar og ei flatevidd på 59 km². Byen, som ligg 285 meter over havet, ligg 50 km sør for Torino og 50 km nordaust for provinshovudstaden Cuneo.

Bra
by
Land  Italia
Areal 59,53 km²
Folketal 29 523 (1. januar 2023)[1]
Kart
Bra
44°42′N 7°51′E / 44.7°N 7.85°E / 44.7; 7.85
Wikimedia Commons: Bra, Italy

Produksjon av ost er ei større næring i Bra, heimstaden til ostetypen bra. Annakvart år vert ein stor ostefestival arrangert i byen. Bra er fødebyen til aktivisten Carlo Petrini, grunnleggjaren av Cittàslow/Slow Food-rørsla; organisasjonen har også hovudkontoret sitt i byen.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.