Brannrøyr var ei lunteliknande innretning på granatar, bomber og torpedoar som tende eksplosiva i rett tid i tilhøve til ynskt effekt. I gamle artillerigranatar vart brannrøyret rett utover langs løpet på kanonen og røyret var fylt med krut som brann ei bestemd tid, slik at granaten eksploderte etter ein kjend brenntid. I nyare brannrøyr skjer forbrenninga på plater eller spiralar som kan dreiast eller på andre vis verte endra for å påverka brenntida. Dei vert tende i det granaten vert skoten ut viss granaten skal sprengast etter ei gjeven flukttid, eller ved anslag viss granaten skal sprengast etter innslag.

Britisk «Boxer» brannrør laga av tre, frå 1870-åra, brann maksimalt 9 sekund og vart justert ved å stikka gjennom anviste hol.

Brannrøyr i bomber og torpedoar var gjerne mekaniske og drivne av ein propell for å mæla fallhøgd eller utgått distanse. Brannrøyr i luftvernskyts kan vera trykkstyrt.

Moderne brannrøyr er ofte ei elektronisk innretning som avgjer tenningstidspunkt anten ved fjernstyring eller når granaten er på rett stad. Optimalt stad for detonasjon kan då kalkulerast ut frå måledata gjeve av fleire tilhøve, men ofte inkluderer det ei form for nærleikdeteksjon. Slike brannrøyr vert omtalt som nærleiksbrannrøyr.

Kjelder endre