Brannvakta

Koordinatar: 59°54′43.203″N 10°44′47.0254″E

Brannvakta eller Brannvakten ligg i Karl Johans gate 11 ved Oslo domkyrkje og er bygd i tilknyting til Basarane som omkransar arealet attmed austparten av domkyrkja. Brannvakta er reist i upussa raud tegl i nyromantisk stil i åra 1854–1856. Arkitekt var Christian H. Grosch som òg har teikna Basarane.[1]

Brannvakta med tårnet ut mot Karl Johans gate.
Foto: Pål Giørtz
Vår Frelsers kyrkje - Oslo domkyrkje - Stortorget og Brannvakta fotografert av Ole Tobias Olsen ca. mellom 1863 og 1883.

Tidlegare var det gravlund rundt domkyrkja med fire gravkapell ut mot det som fekk namnet Karl Johans gate i 1852, akkurat denne korte strekninga blei kalla Kirkebakken.[2]Brannvakta blei bygd der familiane Collett og Leuch hadde hatt kapell. Dei gravlagde vart flytta til krypten i kyrkja og brannvesenet nytta kapellet til sprøytehus.

Brannkorpset på 35 mann og ein overbrannmeister flytta inn på 1860-talet. I 1861 vart det oppretta eit yrkesbrannkorps, inntil da var det eit reint borgarkorps og alle borgarar hadde plikt til å gjere teneste.[1][3]

Brannvakta var hovudbrannstasjon i Oslo fram til 1939.

Fram til 1902 hadde brannkorpset utkikkspunkt på døgnbasis frå tårnet i domkyrkja. Tårnet på Brannvakta vart nytta til å tørke vasslangane.

Lokala blir no nytta som sokneprestkontor for prestane ved domkyrkja. Bygninga er freda.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Oslo byleksikon, side 97
  2. Arno Berg og Bernhard Hagtvedt: Vår Frelsers kirke, forlaget Land og kirke, Oslo 1950, side 160
  3. Oslo byleksikon, side 98
  4. Brannvakten i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no

BakgrunnsstoffEndra