Karl Johans gate
Karl Johans gate, ofte berre kalla Karl Johan, er hovudgata i Oslo. Ho strekkjer seg frå Oslo Sentralstasjon i søraust til Slottet i nordvest. Langsmed gata ligg kjende institusjonar som Stortinget, Nationaltheatret, Oslo domkyrkje og Universitetsbygningane.
![]() |
![]() | |
Karl Johans gate sett frå Slottsbakken.
Foto: Bjørn Erik Pedersen
|
Karl Johans gate sett frå Stortings plass mot slottet.
Foto: Mahlum
|
Gata er kalla opp etter kong Karl III Johan av Noreg.
Langsmed Karl Johans gate ligg òg nokre kjende bygardar, so som DFDS-garden, Svaneapotekgarden, Horngarden, Tostrupgarden, Grand Hotell og Groschgarden. Andre kjende bygg er Basarane og Brannvakta.
HistorieEndra
Gata er sett saman av to ulike gateløp med kvar si historie. Austre del frå Egertorget til Jernbanetorget låg innanfor Kristian IVs byanlegg, nær vollane som omgav byen. Den vart ikkje opparbeidd som en samanhengande gate før Domkyrkja vart reist og vollane fjerna på 1690-talet. Ymse strekningar av gata hadde eigne namn – Østre Gade, Kirkebakken og Kirkestredet, fram til dei vart slått saman og kalla Østre Gade omkring 1840.[1] Vestre del var ein del av den byutvidinga som ble planlagd i samband med bygginga av Slottet. Den blei stukke ut etter slottsarkitekt Linstows plan som ei paradegate mellom byen og det nye Slottet som var under bygging.[2] Gata ble opparbeidd i slutten av 1830-åra og fekk namnet Slotsvejen i 1840.
I 1852, etter kong Karl Johan var død, blei den nye Slotsvejen kalla opp etter han. På same tid stod òg dei nye universitetsbygningane ferdig og dette medverka til at gata fekk eit monumentalt preg.
På denne tida blei òg de fasjonable bygardane på nordsida av gata bygd, og gardeigarane her kjøpte opp den nordlege delen av Grünings løkke som hadde vore skilt frå resten av løkkeeigedomen etter at Stortingsgata blei opparbeidd i 1842. Gardeigarane langs Karl Johans gate ville ikkje ha naboar rett ved og ville ha ein park som næraste nabo. Slik blei òg Eidsvolls plass sikra som ein del av dette gateløpet.
Da Stortingsbygget var under oppføring, blei sambindinga mellom dei to gatene opparbeidd, og i 1860 vart dei slått saman under det felles namnet Karl Johans gate. At utgangspunktet er to heilt ulike gater, kan ein tydeleg sjå på det høgaste punktet, Egertorget. Der gjer gateløpet ein tydeleg knekk, og den breie paradegata i vest går over i den smale og ordinære gata med normalbredde som i dei andre gatene i Kvadraturen har.
Bygg i utvalEndra
Det Forenede Dampskibs-Selskabs hus, gjerne forkorta DFDS-garden, er ein forretningsgard som ligg på hjørnet Jernbanetorget og Karl Johans gate, med adresse Karl Johans gate 1. Bygninga blei reist for Det Forenede Dampskipsselskap i 1917-1919 og arkitekt var Magnus Poulsson. [3] Mottok Houens fonds diplom i 1925.[4] Garden er kommunalt verna.[5]
På den andre sida av gata, i nummer 2, ligg Hanneborggarden, ein forretningsgard frå 1898 teikna av Henrik Nissen. Tidlegare låg ein gard her kor Bennett Reisebureau hadde dei første lokala sine.[6]Garden er eit kommunalt verna kulturminne.[7]
Lenger opp, i krysset ved Dronningens gate ligg Arkaden i nummer 7 på hjørnet på den eine sida. Det er ein forretningsgard med passasje til Biskop Gunnerus gate. Huset brann i 1983 og dagens bygg blei reist etter brannen. [8]
Basarane ligg med bue mot Karl Johans gate og vart reist i 1840-1859. Opphavleg var det slakterbodar her. Arkitekt var Christian H. Grosch. Basarane har adresse Dronningens gate 27/Stortorget 1B. Anlegget er freda.[9]
I tilknyting til Basarane ligg Brannvakta i Karl Johans gate nummer 11, og teikna av Grosch og ført opp 1854–1856 på delar av området som tidlegare var gravlunden til Oslo domkyrkje. Bygningen er freda.[10]
Dei fleste forretningsgardane på venstre side oppover frå Skippergata til Kongens gate mellom Prinsens gate og Karl Johans gate er frå etter 1858 og vart reist etter bybrannen 14. april same år kor 40 bygardar brann ned.[11]
KjelderEndra
- ↑ Oslo byleksikon, side 293
- ↑ Hans Ditlev Franciscus Linstow frå Store Norske leksikon
- ↑ DFDS-gården, Karl Johans gate 1 Arc! ved Geir Tandberg Steigan
- ↑ Oslo byleksikon, side 294
- ↑ Bygårdsanlegg - Det forenede Dampskibsselskap - Karl Johans gate 1 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
- ↑ Karl Johans gate 2 Arkivert 2014-02-03 ved Wayback Machine. frå Arkitektur i Oslo
- ↑ Bygårdsanlegg - Hanneborggården - Karl Johans gate 2 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
- ↑ Oslo byleksikon, side 58
- ↑ Basarene Kirekristen i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
- ↑ Brannvakten i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
- ↑ Oslo byleksikon, side 96
BakgrunnsstoffEndra
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7