Breggia
Breggia er ei elv i Sveits og Italia. Ho har sitt utspring ved Monte Generoso og Monte d'Orimento i Val d'Intelvi i ei høgd på 1 389 moh. Ho renn inn i Sveits mellom Erbonne og Scudellate og langs Muggiodalen fram til Chiasso/Vacallo, der ho igjen renn inn i Italia i Maslianico. Breggia renn så ut i Comosjøen nær Villa Erba mellom Como og Cernobbio i ei høgd på 198 m.
Breggia | |||
elv | |||
Breggia ved Morbio Inferiore
| |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Monte Generoso og Monte d'Orimento i Italia. | ||
• høgd | 1 389 moh. | ||
Munning | Comosjøen | ||
Breggia 45°56′57″N 9°01′46″E / 45.9491°N 9.0295°E | |||
Wikimedia Commons: Breggia River |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Breggia» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Hydrologiske data (nær Ponte Polenta) Arkivert 2007-06-14 ved Wayback Machine.