Bregne
Bregne er ei gruppe karsporeplantar som formeirar seg med sporar. Bregnane har store, som regel delte eller flika og trekanta blad. Hjå bregnane, som hjå andre karsporeplantar, sit sporane i sporehus. Hjå mange bregneartar sit sporehusa i klasar (sori) som sit på undersida av blada.
Klassifisering
endreKlassifiseringa av bregnar er ikkje avklåra. Omgrepet kan visa til ulike vitskaplege klassifiseringar, som divisjonen Pteridophyta eller klassen Polypodiopsida. Mange grupper, mellom anna ormetungebregnar, som har vore rekna mellom bregnane har synt seg å høyra til eigne grupper.
I eldre systematikk utgjorde bregneplantene ein gruppe med det vitskaplege namnet «Filicatopsida» (eller «Filicatae»). Etterkvart har det vist seg at tre bregnegrupper, Psilotales, ormetungebregnar og Marattiales, ikkje er i nær slekt med resten av bregnene. Ormetungebregnar (Ophioglossales) verker vera nærast i slekt med Psilotales, medan Marattiales verker vera nærast i slekt med sneller (Equisetales).
Bregneplantar i denne tydinga er altså ei parafyletisk gruppe, men om ein også tek med snelleplantane (Equisetopsida) blir gruppa fullstendig. Resten av dei egentlege bregnane, dvs. med unntak av Marattiaceae og ormetungebregnar, er derimot ei monofyletisk gruppe ofte kalla bregnar (Polypodiopsida), eller eigentlege bregnar (Leptosporangiatae), og utgjer dessutan hovudvekta av alle bregneplantar.
Bregneplantane er (med unntak av ormetungegruppa) kjenneteikna av sporehus med veggar som berre er eitt cellelag tjukt. Bregnar veks i alle klimasoner, men er representert med flest artar i tropane.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |