Breite Grießkogel

Breite Grießkogel er ein 3 287 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjellet høyrer med mellom dei såkalla Larstig-fjella. Breite Grießkogel ligg ovanfor Gries im Sulztal.

Breite Grießkogel
fjell
Breite Grießkogel og Grießkogelferner, sett frå aust
Land  Austerrike
Fjellkjede Stubaialpane
Høgd 3 287 moh.
Førstestiging Ludwig Purtschneller
og F. Schneiter
 •  dato 1881
Koordinatar 47°6′5″N 11°1′22″E / 47.10139°N 11.02278°E / 47.10139; 11.02278
Kart
Breite Grießkogel
47°06′05″N 11°01′22″E / 47.1014°N 11.0228°E / 47.1014; 11.0228
Wikimedia Commons: Breiter Grießkogel

Breite Grießkogel er omgjeven av isbreane Grasstalltalferner i nordvest, Grießkogelferner i aust og Winnebachkar i søraust. Frå fjelltoppen strekker ei egg seg i ørleg retning over til den 2 914 moh høge fjelltoppen Gänsekragen. Mot sørvest stuper Breite Grießkogel i bratte bergveggar. Nord for fjellet reiser stortoppen Strahlkogel seg, på motsett side av ein fjelldal.

Ludwig Purtschneller og F. Schneiter vart dei fyrste menneska på toppen då dei steig opp austsida i 1881.

Kjelder

endre