Strahlkogel er ein 3 288 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjellet, som har form som ein spiss og bratt pyramide, er det høgste av dei såkalla Larstig-fjella.

Strahlkogel
fjell
Strahlkogel, sett frå sørvest
Land  Austerrike
Fjellkjede Stubaialpane
Høgd 3 288 moh.
Primærfaktor 506 m
Førstestiging 1833
Koordinatar 47°6′35″N 11°1′9″E / 47.10972°N 11.01917°E / 47.10972; 11.01917
Kart
Strahlkogel
47°06′32″N 11°01′10″E / 47.108888888889°N 11.019444444444°E / 47.108888888889; 11.019444444444
Wikimedia Commons: Strahlkogel

Så tidleg som i 1833 tok Peter Karl Thurwieser seg til topps på Strahlkogel. Den 28. august 1887 besteig så Ludwig Purtscheller og Fritz Drasch frå Salzburg fjelltoppen på ny. Ruta deira gjekk opp vestegga, noko som i dag er normalvegen og vert rekna som lettaste oppstiginga. Ein topptur på Strahlkogel er likevel krevjande og toppen vert såleis sjeldan besøkt, til skilnad frå den så godt som jamhøge grannetoppen Breite Grießkogel.

Kjelder endre