Bremnes på Bømlo
tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Bremnes i Bømlo)
Bremnes er ein tidlegare kommune i Hordaland. Kommunen vart oppretta i 1916 då Finnås kommune vart delt, og hadde då eit folketal på 3411. Kommunen vart slegen saman med Bømlo og Moster att til noverande Bømlo kommune i 1963. Bremnes kommune hadde då 4829 innbyggjarar.
Fram til 1990-åra vart kommunesenteret på Bømlo kalla Bremnes. Kommunestyret vedtok på midten av 90-talet at kommunesenteret skulle heita Svortland. Namnet er etter dette mindre brukt, men finst framleis i institusjonar som Bremnes ungdomsskule, Bremnes kyrkje og Bremnes Idrettslag.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for tidlegare Bremnes kommune frå 1916 til 1963:
1.7.1916 | 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1963 |
---|---|---|---|---|---|---|
3411 | 3406 | 3638 | 4368 | 4602 | 4824 | 4829 |