Svortland
Svortland er ein tettstad som er kommunesenter i Bømlo kommune i Vestland. Staden ligg nordvest på øya Bømlo. Riksveg 542 går ved staden. Tettstaden har 3 122 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Svortland | |||
tettstad | |||
Svortland på Bømlo
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bømlo | ||
Areal | 2,81 km² | ||
Folketal | 3 122 (2024) | ||
Folketettleik | 1 111 / km² | ||
Postnummer | 5430 BREMNES | ||
![]() Svortland 59°47′38″N 5°10′00″E / 59.7939°N 5.16667°E |
Namnet Svortland kjem av fuglenamnet sysvorta, svarttrast (usikker tolking), og land. Stadnamnet vert stundom skrive Sortland, og som etternamn vert det alljamt skrive so, men frå midten av 1990-talet har det offisielt heitt Svortland etter eit kommunestyrevedtak, i tråd med ordsoga og tradisjonell uttale. Dette har ikkje vore utan strid.
Svortland har gardsnummer 109 i Bømlo kommune.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |