Opna hovudmenyen
Bremnes

Bremnes er ein tidlegare kommune i Hordaland. Kommunen vart oppretta i 1916Finnås kommune vart delt, og hadde då eit folketal på 3411. Kommunen vart slegen saman med Bømlo og Moster att til noverande Bømlo kommune i 1963. Bremnes kommune hadde då 4829 innbyggjarar.

Fram til 1990-åra vart kommunesenteret på Bømlo kalla Bremnes. Kommunestyret vedtok på midten av 90-talet at kommunesenteret skulle heita Svortland. Namnet er etter dette mindre brukt, men finst framleis i institusjonar som Bremnes ungdomsskule, Bremnes kyrkje og Bremnes Idrettslag.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Bremnes kommune frå 1916 til 1963:

1.7.1916 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1963
3411 3406 3638 4368 4602 4824 4829

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengde i Bremnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå