Denne artikkelen handlar om omgrepet i optikk. For omgrepet i matematikk, sjå brennpunkt i matematikk.

Brennpunkt er eit punkt i eit optisk system av linser eller spegl der eit uendeleg fjernt objektpunkt på aksen til systemet blir avbilda. Avbildingsfeil i systemet vert sett bort frå.

Ved biletkonstruksjonar utnyttar ein at lysstrålar frå eit objektpunkt som trer inn i systemet parallelt med aksen, forlet det slik at dei anten går mot brennpunktet, eller har ei retning som om dei kjem frå brennpunktet. Om objektpunktet ligg utanfor aksen, utartar brennpunktet seg til to brennlinjer (astigmatisme).

Avstanden får det optiske sentrumet til systemet til brennpunktet vert kalla brennvidda til systemet, og planet gjennom brennpunktet og vinkelrett på aksen vert kalla brennplanet til systemet. Då lyset kan gå begge vegar gjennom eit optisk system, har dette to brennpunkt, brennvidder og brennplan. Desse tener som spesifikasjon av det optiske systemet.

Kjelder endre