Brent er ei elv i det søraustlege England. Ho er ei mindre sideelv til Themsen, og ligg innanfor Stor-London. Elva er omkring 29 km lang, og renn stort sett frå nordaust mot sørvest i grusavsetningar frå den siste istida som kviler på leirhaldig jord.

Brent
elv
Grand Union-kanalen (til venstre) renn saman med Brent (frå høgre).
Land  England
Grevskap Stor-London
Distrikt/bykommunar London Borough of Barnet, London Borough of Brent, London Borough of Ealing, London Borough of Hounslow
Tilløp
 - venstre Dollis Brook
 - høgre Mutton Brook
Byar Brent Cross
Lengd 29 km
Kart
Brent-elva
51°28′55″N 0°18′14″W / 51.482°N 0.304°W / 51.482; -0.304
Wikimedia Commons: River Brent

Elva har utspringet sitt i dei låge åsane i Barnet i form av fleire mindre elver. Den viktigaste er dei er tre kilometer lange Dollis Brook, som startar ved Barnet Common i Arkley. Ved Henley's Corner møter ho Mutton Brook, og sjølve Brent byrjar. Ved Brent Bridge kjem òg Decoy Brook inn i Brent. Elva følgjer A406 North Circular Road til Brent Cross.

Ho fortset så langs North Circular Road forbi Stonebridge Park sør for Wembley, og renn under ein akvedukt som fører fram Grand Union-kanalen. Frå Hangar Lane renn ho vestover omkring tre kilomter før ho igjen svingar sørover ved Hanwell.

Hovudkanalen til Grand Union-kanalen renn inn i Brent etter ei rekkje sluser, og den vidare strekninga forbi Osterley og fram til Themsen ovanfor Kew Bridge er gjort til ein kanal med tre sluser.

Kjelder endre