London Borough of Brent

Brent er ein bydel i London. Han ligg i den nordvestlege delen av ytre London, og grensar til Harrow i nordvest, Barnet i nordaust, Camden i aust og Ealing, Hammersmith and Fulham, Kensington and Chelsea og City of Westminster i sør.

London Borough of Brent
bydel
Land  England
Region Stor-London
Areal 43,2325 km²
Folketal 330 795 (2018)[1]
Kart
London Borough of Brent
51°33′32″N 0°16′52″W / 51.558888888889°N 0.28111111111111°W / 51.558888888889; -0.28111111111111
Wikimedia Commons: London Borough of Brent

Bydelen blei oppretta i 1965 ved at krinsane Wembley og Willesden i Middlesex blei slått saman. Den har namn etter elva Brent, som renn gjennom distriktet.

Wembley Stadium og Wembley Arena ligg i Brent.

Ved folketelinga i 2001 var 46,53 % av innbyggjarane fødd utanfor Storbritannia; dette var den høgaste delen som blei registrert for eit distrikt.

Stader i Brent

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: London Borough of Brent
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.ons.gov.uk/peoplepopulationandcommunity/populationandmigration/populationestimates/datasets/populationestimatesforukenglandandwalesscotlandandnorthernireland.