Brian Hopper

Brian Hopper (fødd 3. januar 1943) er ein britisk gitarist og saksofonist.

Brian Hopper
Fødd3. januar 1943 (79 år)
FødestadWhitstable
OpphavStorbritannia
SjangerCanterbury scene
Instrumentsaksofon, gitar, vokal
Verka somsongar, saksofonist, jazzmusikar, jazzgitarist

Han er den eldre broren til bassisten Hugh Hopper og i lag var dei medlemmar i Canterbury scene-bandet Wilde Flowers. Han spelte òg saksofon på Soft Machine-albumet Volume Two og var medlåtskrivar på fleire av songane på debutplata deira. Då to av bandkollegaene hans døydde tidleg i 1970-åra, gav Hopper opp musikkarrieren og byrja å arbeide innan jordbruksforsking i staden.[1]

Først seint i 1990-åra byrja Hopper å spele musikk att.

DiskografiEndra

År Artist Title
1962 forskjellige artistar Canterburied Sounds, Vol.s 1-4 (utgjeve 1998)
1965 The Wilde Flowers The Wilde Flowers (utgjeve 1994)
1969 Soft Machine Volume Two
2003 Brian Hopper (med Robert Fenner) Virtuality
2004 Brian Hopper If Ever I Am
2006 Brian Hopper & Robert Fenner Just Desserts[2]

FilmarEndra

KjelderEndra

  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. september 2007. Henta 14. juli 2007. 
  2. Burning Shed

BakgrunnsstoffEndra