Canterbury scene er eit laust uttrykk for å skildre grupper innan progressiv rock, avantgarde og jazz som var basert rundt byen Canterbury i Kent i England seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra. Mange viktige britiske avantgarde- eller fusion-musikarar byrjar karrierane sine i Canterbury-band, som Hugh Hopper, Steve Hillage, Dave Stewart (klaverspelaren), Robert Wyatt, Kevin Ayers, Daevid Allen, Mike Ratledge, Fred Frith og Peter Blegvad.[1][2] I løpet av åra har gruppene skifta besetningar og nye band har utvikla seg, slik at uttrykket har vorte nytta for å skildre ein musikkstil eller undersjanger, og ikkje berre musikarane som kom frå denne regionen.

Definisjon endre

Canterbury scene vert stort sett definert av ei gruppe musikarar og band der desse musikarane spelte. Musikarane spelte gjerne i fleire av banda. Musikalsk sett liknar dei ikkje nødvendigvis på kvarandre, men likskapstrekk er ein viss lunefullheit, ein snert av psykedelia, tekstar som er heller vanskelege å forstå, og bruk av improvisasjon frå jazz.[1] «Den verkelege essensen av 'Canterbury Sound' er spaninga mellom kompliserte harmoniar, lange improvisasjonar og det oppriktige ønsket om å skrive fengande popmelodiar. I den aller beste Canterbury-musikken er det musikalske latterlege og det musikalsk seriøse side om side på eim morosam og vinnande måte».[3]

Det er variasjon innan miljøet, til dømes frå pop/rocken til det tidlege Soft Machine og mykje av Caravan til avantgarde-musikken til National Health til improvisert jazz med det seinare Soft Machine og In Cahoots. Didier Malherbe (frå Gong) har definert miljøet til «visse akkordendringar, særleg bruken av mollakkordar, visse harmoniske kombinasjonar og ein stor estetisk klårskap, og ein måte å improvisere på som er forskjellige frå slik ein gjer det innan jazz.»[4]

Det eksisterer ein debatt om det eksisterer eit slikt miljø og korleis det skal definerast. Dave Stewart har forklart at uttrykket slik han og mange andre musikarar tilknytte Canterbury scene aldri hadde noko å gjere med Canterbury, plassen. Den tidlegare Soft Machine-bassisten Hugh Hopper, som budde i Whitstable, nær Canterbury, sa: «Eg trur det er eit kunstig merkelapp, ein journalistting...eg bryr meg ikkje, men folk som Robert [Wyatt], hatar ideen, fordi han vart fødd ein annan stad og berre tilfeldigvis gjekk på skule herr. Då Wilde Flowers starta hadde me nesten aldri arbeidd i Canterbury. Det var først då Robert og Daevid reiste til London for å starte Soft Machine at noko byrja å skje. Dei var i røynda ikkje eit Canterbury-band [...] om det hjelper folk å forstå eller lytte meir til musikken så er det greit.»[4]

Familien til Hopper budde derimot i byen og the Wilde Flowers spelte mange av dei tidlege konsertane sine i Canterbury, mellom anna i Beehive Club i Dover Street og på dei forskjellige universiteta i byen. Det var på ein a Students Union-organisert konsert på Canterbury Technical College at Soft Machine spelte i lag med Pink Floyd - to gonger, ein gong før og ein gong etter Pink Floyd fekk platekontrakt.

Og det var i eit hus i Whitstable (innanfor byområdet til Canterbury) at Caravan øvde i fleire månader før dei reiste til London og fekk platekontrakt.

Historie endre

Miljøet hadde ein av hovudrøtene sine i Wilde Flowers, eit band danna i 1964, som til forskjellige tider hadde med seg musikarar som starta både Soft Machine og Caravan, band som seinare skulle gje opphav til andre band. Opphavet til Canterbury scene kan delvis sporast tilbake til 1960 då den australske beatniken Daevid Allen losjerte hos foreldra til Robert Wyatt i Lydden, 15 km sør for Canterbury. Allen tok med seg ei stor samling jazzplater, ein annan livsstil og jazztrommeslagaren George Niedorf som seinare lærte Wyatt å spele trommer. I 1963 danna Wyatt, Allen og Hugh Hopper Daevid Allen Trio (i London) som utvikla seg til Wilde Flowers då Allen reiste til Frankrike. Wyatt, Allen, Kevin Ayers (frå Wilde Flowers) og Mike Ratledge (som stundom hadde spelt med the Daevid Allen Trio) danna Soft Machine i 1966.

Wilde Flowers overlevde, leia av Pye Hastings og ofte spelte dei i lag med broren Jimmy som gjesta hos både WF og Caravan når han ikkje var oppteken med jazzoppdraga sine. Frå den andre inkarnasjonen av WF vart progrockbandet Caravan starta. Den første besetninga her var Pye Hastings (vokal, sologitar), Richard (bass) og David (klaverinstrument) Sinclair og Richard Coughlan (trommer). Sjølv om dei hadde suksess i Storbritannia vart dei verkeleg store på kontinentet, særleg i Frankrike, Nederland og tyskland, der dei hadde stjernestatus i 1970-åra og spelte på nokre av dei største konsertstadane i desse landa. Det skjedde lite med dei i 1980-åra, men i 1990-åra dukka dei opp att, framleis leia av Hastings.

Andre nøkkelband i den tidlege perioden var Delivery og Egg, og medlemmane frå desse banda blanda seg inn i Canterbury scene tidleg i 1970-åra. Til dømes starta Phil Miller frå Delivery Matching Mole i lag med Robert Wyatt, og Hatfield and the North med Dave Stewart frå Egg. Begge vart seinare med i National Health, medan Steve Hillage, som droppa ut av University of Kent i Canterbury, hadde arbeidd med medlemmar frå Egg i eit tidlegare band, Uriel, og som seinare var i Gong med Allen.

Canterbury scene er kjend for at musikarane roterte mellom dei forskjellige Canterbury-banda. Richard Sinclair var til dømes til forskjellige tidspunkt kmed i Wilde Flowers, Camel, Caravan, Hatfield and the North og ei kort stund i Gilgamesh. Han arbeidde òg med National Health. Syskenbornet Dave Sinclair var i Caravan, Camel, Matching Mole og ein kort periode i Hatfield and the North. Robert Wyatt var medlem av Wilde Flowers, Soft Machine, Matching Mole, og arbeidde òg som soloartist. Pip Pyle spelte i Delivery, Gong, Hatfield and the North, National Health, Soft Heap og In Cahoots. Hugh Hopper var i Soft Machine, Isotope, Soft Heap, In Cahoots og med Pyle og Allen i Brainville, i tillegg til at han spelte i fleire eigne grupper og soloprosjekt, i tillegg til at han arbeidde med band utanfor Canterbury-miljøet.

Andre personar som hadde tilknytt til miljøet var Mike Oldfield (som spelte i bandet til Kevin Ayers), Bill Bruford (ei kort stund trommeslagar i Gong og National Health og hyrte Dave Stewart til bandet sitt Bruford), Allan Holdsworth (som arbeidde med Soft Machine, Gong i jazzrock-perioden deira, og bandet Bruford), og Andy Summers (som ei kort stund var medlem av Soft Machine, og som arbeidde separat med Kevin Ayers).

Del av miljøet endre

Band

Dei første og viktigaste banda i Canterbury Scene:

Fem band var sentrale i Canterbury scene:[5]

Andre band:

Plateselskap

Musikarar

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 http://www.allmusic.com/explore/style/d10981 Canterbury Scene på Allmusic.com
  2. Definisjonen på Canterbury Scene på http://www.progarchives.com/subgenre.asp?style=12
  3. RareVinylNetwork. «The Canterbury Scene» på http://www.rarevinyl.net/canterbury.htm Arkivert 2006-12-29 ved Wayback Machine.
  4. 4,0 4,1 What is Canterbury music? på Calyx, ei nettside om Canterbury scene. http://calyx.perso.neuf.fr/index/whatis.html
  5. Canterbury bands at Calyx: The Canterbury Website

Bakgrunnsstoff endre