Brideshead Revisited

Brideshead Revisited er ein britisk roman av Evelyn Waugh frå 1945. Romanen skildrar korleis andre verdskrigen endra den engelske overklassen. Handlinga krinsar rundt kaptein Charles Ryder som i løpet av krigen vender tilbake til det storslagne engelske slottet Brideshead, der han var mykje som ungdom, og om minna hans frå den tida. Handlingen går tilbake til 1920-talet, og fram til 1945. Tematikken er katolisisme, alkoholmisbruk, overklasse og homofili. Det blei laga ein TV-serie av romanen i 1981, regissert av Charles Sturridge og Michael Lindsay-Hogg. I 2008 kom det ut ei filmatisering skriven av Jeremy Brock og Andrew Davies og regissert av Julian Jarrold, med Emma Thompson, Matthew Goode og Ben Whishaw i hovudrollene.

Møte med fortiden
Gjensyn med Brideshead
Brideshead Revisited

Forfattar(ar)Evelyn Waugh
Språkengelsk
Blei til1945
Sjangerreligiøs fiksjon
Utgjeven1945
ForlagChapman and Hall

Norske omsetjingar endre

  • 1950: Møte med fortiden : Kaptein Charles Ryders religiøse og verdslige erindringer. Oslo: Aschehoug. Omsett av Peter Magnus
  • 2017: Gjensyn med Brideshead : Kaptein Charles Ryders sakrale og profane minner (Gyldendals moderne klassikere). Oslo: Gyldendal. Omsett av Johanne Fronth-Nygren. ISBN : 978-82-05-49297-4

Kjelder endre