Briey er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Grand Est.

Briey
by
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Grand Est
Departement Meurthe-et-Moselle
Høgd 240 m
Areal 27,13 km²
Folketal 5 674 (1. januar 2018)[1]
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 54150
Kart
Briey
49°14′55″N 5°56′22″E / 49.248611111111°N 5.9394444444444°E / 49.248611111111; 5.9394444444444
Wikimedia Commons: Briey (Meurthe-et-Moselle)

Byen ligg i ei bratt dalside ved elva Woigot. Byen har mista innbyggjarar jamnt og trutt gjennom 1900-talet, og har i dag om lag 5 000 innbyggjarar.

Geografi

endre

Briey er ein del av det som ein gong var ei større gruppe med tungt industrialiserte landsbyar. Elva Woigot, ei av sideelvane til Orne, renn gjennom byen.

Historie

endre

Opphavet til namnet Briey kjem frå det keltiske ordet «Briga», som tyder «festning». Grevane av Bar hadde eit slott her i 1072. Briey fekk byprivilegium i 1263. Dei turbulente åra etter Svartedauden i 1348-1349 og eit skifte i den økonomiske makta førte til mykje vald i området, og i 1369 vart Briey brend ned av ein styrke frå Metz.

Briey vart erobra av Karl I av Burgund i 1475, rasert av protestantar i hugenottkrigen i 1591 og erobra av den svenske hæren under trettiårskrigen i 1635. Byen vart òg okkupert ei kort stund av den russiske hæren i løpet av dei siste dagane av napoleonkrigane i 1815.

I 1801 vart Briey underprefektur i departementet Moselle. Etter den fransk-prøyssiske krigen vart det meste av Moselle ein del av Tyskland etter Frankfurttraktaten. Restane av Moselle vart ein del av departementet Meurthe-et-Moselle. Då Frankrike fekk tilbake Lorraine etter Versaillestraktaten i 1919 valde ein å ikkje føre Briey tilbake til det opphavlege departementet.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Briey
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Populations légales 2018 (på fransk), INSEE, 28. desember 2020, Wikidata Q104619889, arkivert frå originalen 29 December 2020