Opna hovudmenyen

Meurthe-et-Moselle

franske departement
Meurthe-et-Moselle
Våpenskjoldet til Meurthe-et-Moselle
Plassering
Plasseringa til Meurthe-et-Moselle i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 54
Region: Lorraine
Préfecture: Nancy
Sous-préfectures: Briey
Lunéville
Toul
Arrondissement: 4
Kantonar: 44
Kommunar: 594
Président du conseil général: Michel Dinet
Statistikk
Folketal Rangering 28.
 -1999 713 779
Folketettleik: 136/km²
Landareal¹: 5 246 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Meurthe-et-Moselle er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter elvane Meurthe og Moselle.

HistorieEndra

Meurthe-et-Moselle vart oppretta i 1871 ved slutten av Den fransk-prøyssiske krigen frå områda til departementa Moselle og Meurthe. Den noverande grensa mellom Meurthe-et-Moselle og Moselle vart grensa mellom Frankrike og Tyskland frå 1871 til 1919.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Lorraine og grensar til departementa Meuse, Vosges, Bas-Rhin og Moselle, i tillegg til Luxembourg og Belgia.

Det strekkjer seg 130 km frå nord til sør og er mellom 7 og 103 km breitt frå vest til aust.

Dei viktigaste elvane i departementet er:

ØkonomiEndra

Fram til 1960-åra var økonomien i stor grad basert på gruvedrift. Her vert det vunne ut jern, salt og kalk.

Storbyområdet rundt Nancy har ein svært dynamisk økonomi som stort sett er basert på tenester, forsking og høgare utdanning.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Meurthe-et-Mosellans.

Området rundt Nancy er svært urbanisert, medan Santois i sør er forholdsvis landleg.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Meurthe-et-Moselle