Brimsefjorden
Brimsefjorden er ein liten fjordarm av Hidlefjorden vest for Rennesøy i Rogaland. Fjorden ligg mellom øya Brimse, som han er kalla opp etter, og Talgje.
Brimsefjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Stavanger | ||
Brimsefjorden 59°06′06″N 5°47′59″E / 59.101609°N 5.79975111°E |
Frå innløpet i aust strekker han seg 4 km nordvestover til Hanasandsundet, som går vidare nordover til Talgjefjorden. I vest møter Brimsefjorden Fognafjorden, som held fram nordaustover, medan Hidlefjorden ligg sør for Brimse.
På vestsida av fjorden, på øya Rennesøy, ligg bygda Østhusvik.