Brioude
Brioude (oksitansk Briude) er ein by og kommune sør i sentrale delar av Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Haute-Loire i Auvergne-Rhône-Alpes. Kommunen har om lag 7 000 innbyggjarar, og ligg ved breidda av elva Allier, ei av sideelvane til Loire.
Brioude | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Haute-Loire | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 13,52 km² | ||
Flatevidd - By |
13,52 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
6 820 504/km² | ||
Koordinatar | 45°18′N 03°23′E / 45.300°N 3.383°E | ||
Høgd over havet | 434 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 43100 | ||
Heimeside: http://www.brioude.fr/ |
Historie
endreMartyrane Julien og Ferréol døydde i Briuode på 300-talet og vart vernehelgenar for byen. Keisar Avitus, som døydde i 456, vart gravlagd ved heilagdomen til Julien.
Brioude vart omleira og erobra av gotarar i 532, seinare burgundarar, sarcenarar i 732 og til slutt normannarar. Som karolingisk by vart Brioude forholdsvis viktig. Vilhelm I av Aquitaine prega mynta her, og då Louis V av Frankrike gifta seg med Adelaide av Anjou der i 980 vart dei krona som konge og dronning av Aquitaine. Adelaide var mykje yngre enn kongen og flykta til Arles i 982. Festdagen for St. Julien vart så populær på 1000-talet at ein måtte byggje herberge for å ta seg av dei sjuke og trengande. [1] I 1181 måtte vikomten av Polignac, som hadde plyndra byen to år tidlegare, gjere ein offentleg unnskulding føre kyrkja, og oppretta ei gruppe på 25 riddarar som skulle forsvare leivningane av St. Julien. På 1300-talet var byen hovudkvarter for Bérenger, herre av Castelnau, som leia ein bande av militære eventyrarar som så herja rundt i Frankrike. Riddarane av St. Julian hadde tittelen grevar av Brioude, og lenge motsette dei seg dei borgarlege fridomane til innbyggjarane.
Kjelder
endre- ↑ C. Lauranson-Rosaz, ''L'Auvergne et ses marges de VIIIe au XI siècles (Le-Puy-en-Velay) 1987, s 279.