Oksitansk

(Omdirigert frå Oksitansk språk)

Oksitansk er eit gallo-romansk språk som blir tala i den sørlege tredelen av Frankrike, pluss Dei oksitanske dalane i Italia og somme grenseområde i Spania. Språket har berre full status som offisielt bruksspråk i Val d'Aran i Catalonia i Spania, medan det i Frankrike berre er fransk som har slik status.

Oksitansk
occitan, lenga d'òc
eller óucitan, lengo d'o
Klassifisering Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Italo-vestleg
    Vestleg
     Galloiberisk
      Galloromansk
       Oksitansk
Bruk
Tala i  Frankrike
 Spania
 Italia
 Monaco
Oksitansktalande i alt 1 939 000
Språkkodar
ISO 639-1 oc
ISO 639-2 oci
ISO 639-3 oci
Wikipedia på oksitansk

Namnet er avleidd frå det oksitanske ordet for «ja», som er òc, og derfor blir det òg kalla langue d'òc. Frå det sistnemnde kjem òg namnet på regionen Languedoc, som likevel berre er ein del av det oksitanske språkområdet.

Utbreiing av dei ulike oksitanske dialektane.
Vegskilt på oksitansk, ved Bossòst i Val d'Aran.

Oksitansk har talrike dialektar, med hovudgruppene nordoksitansk, søroksitansk (med provençalsk i Provence) og det meir ulike gaskogniske (i Gascogne).

Seinast på 1100-talet begynte språket som hadde danna seg frå folkeleg latin i det området som no er Frankrike å dele seg i to språk. Nord for elva Loire utvikla det seg til forløparen for dagens fransk (langue d'oïl), sør for elva til oksitansk. Det oksitanske språket spela ei viktig rolle som litteraturspråk på 1100-talet og 1200-talet, særleg i trubadurlyrikken. Krosstog og krig enda denne blomstringstida. Under einevaldskongen Ludvik 14. begynte den språklege sentraliseringa, og oksitansk vart avskaffa som undervisningsspråk i offentlege skular og trengt tilbake i kvardagsbruken. Under den franske revolusjonen frå 1789 vart posisjonen til språket enda meir svekt, og sentraliseringa styrkt.

Det er no 2 til 3 millionar menneske som talar oksitansk, om lag ein tidel av folket i «Oksitania». Det held på å bli viktigare att, framfor alt på grunn av turismen, det blir i somme skular lært jamsides med fransk, og gateskilt blir atter laga tospråklege. Såleis heiter byane Toulouse og Carcassonne, til dømes, på oksitansk Tolosa og Carcassona.

Bibliografi endre

  • Quint, N., Le Languedocien de poche - Occitan central, Assimil, 2007.


Bakgrunnsstoff endre