Brita
kvinnenamn
Brita og Britta er kvinnenamn danna som kortformer av Birgitta. Namna er kjende i nordisk og tysk samanheng.
Brita har norsk namnedag den 23. juli.
Namnet, med stavemåten Britha, var mykje bruk for norske jentebarn først på 1800-talet. Forma Brita var populær på 1870-talet. Det var 2 134 norske kvinner som heitte Brita i 2009, og 223 som heitte Britta.
Namneberarar
endre- Brita Olovsdotter (Tott), (1400-talet), dansk-svensk adelskvine
- Brita Pipare (1500-talet), svensk trolldomsskulda kvinne
- Brita Zippel eller Sippel, (ca. 1630-åra-1676), svensk trolldomsdømd kvinne
- Brita Hagberg (1756-1825), svensk soldat kjend som Petter Hagberg
- Brita Collett Paus (1917-1998), norsk stiftar av Fransiskushjelpen
- Brita Pollan (f. 1939), norsk religionshistorikar
- Britta Thomsen (f. 1954), dansk europaparlamentspolitikar
- Brita Skybak (f. 1960), norsk kunstnar
- Brita Bungum (f. 1964), norsk sosiolog
- Brita Møystad Engseth (f. 1966), norsk mediakvinne
- Brita Granström (f. 1969), svensk-britisk illustratør
Annan bruk
endreBrita er namnet på ein asteroide, 1219 Britta, og ein småplanet, 1071 Brita.
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Brita hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Brita» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2009.