Brita Lid

norsk lærar og forfattar

Brita Lid (28. januar 18939. mars 1979) var ein norsk lærar og forfattar frå Voss. Johannes og Nils Lid var brørne hennar.

Brita Lid
Fødd 28. januar 1893
Voss
Død

9. mars 1979

Yrke skribent

Brita Lid tok eksamen artium i 1916 og gjekk den neste skulevinteren på Volda lærarskule. Åra 1918-20 var ho lærar ved Sørlandet kristelege ungdomsskule, så 1920/21 ved Grenland ungdomsskule og 1921/22 ved Sagavoll ungdomsskule. Frå 1922 til 1954 var ho lærar i folkeskulen i Volda.

Lid gav ut seks forteljingar og historiske romanar, i tillegg til éi diktsamling. Forteljinga Gjennom eld og vatn frå 1933 vart filmatisert same året.

Ho var frå 1946 styremedlem i Norsk kristeleg forfattarlag.

VerkEndra

  • Gunnvor, 1929
  • Livet tek til, 1930
  • Det dagast, 1931
  • Gjennom eld og vatn, 1933
  • Dvergsmedsteinar 1934 (dikt)
  • Makter og herrevelde, 1937
  • Stormtid, 1950

KjelderEndra