Nils Lid (16.januar 189030. april 1958) var ein norsk kulturgranskar og språkforskar frå Voss. Johannes og Brita Lid var syskena hans.

Nils Lid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1890
Voss herad
Død

30. april 1958 (68 år)

Yrke etnolog

Liv og gjerning endre

Lid tok i 1910 middelskuleeksamen i Nordfjordeid og to år etter artium på Voss. Han byrja studere filologi i 1913, samstundes arbeidde han som lærar og journalist. Etter han tok embetseksamen med hovudfag i norsk i 1918, var han i fem år lektor ved Voss offentlege Landsgymnas til 1923. Dessutan var han 1920-28 universitetsstipendiat i folkeminnevitskap. Lid tok doktorgraden i 1924 med avhandlinga Norske slakteskikkar, med jamføringar frå nærskylde umråde.

Frå 1924 til 1940 var Lid fast knytt til Instituttet for sammenlignende kulturforskning ved Universitetet i Oslo, der han var leiar av dei folkloristiske og etnologiske undersøkingane. Åra 1935-40 var han dosent i nynorsk ved Universitetet i Oslo, og deretter frå 1940 til han døydde i 1958, professor i norsk folkelivsgransking (etnologi) ved same universitetet.

Lid redigerte skriftserien Ord og Sed i tida 1934-47, ein serie som i hovudsak inneheldt spørjelister vigd ulike kulturhistoriske tema, men også nokre småartiklar. Skriftet vart utvida til tidsskriftet Norveg, med undertittelen «Ny serie av Ord og Sed», som Lid redigerte frå 1951 til han døydde.

I Norsk folkeminnelags skrifter gav Lid ut sju band av Nicolai Storakers samlingar og eitt band av Wilhelm Mannhardt sine norske samlingar frå 1860-åra. Lid var også engasjert i språkforsking, og kunne fleire språk, mellom andre samisk, finsk og estisk. Han leverte bidrag til stadnamntolking og etymologi.

Nokre av artiklane hans er publisert i Trolldom: Nordiske studiar, som kom ut til 60-årsdagen i 1950.

Lid vart æresdoktor ved Åbo Universitet i 1955 og tok mot Finlands hvite roses orden.

Kjelder endre