British Film Institute
British Film Institute (BFI) er ein ideell organisasjon som bidreg til å fremja film og filmproduksjon i Storbritannia. Han tek vare på det nasjonale filmarkivet og driv fleire kinoar, mellom anna ein IMAX-kino i London. Organisasjonen arrangerer også fleire festivalar: London Film Festival, BFI Flare: London LGBT Film Festival og Future Film Festival.[1]
British Film Institute | |||
Type | Film- og fjernsynsorganisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1933 | ||
Hovudkontor | London Borough of Lambeth | ||
Omsetjing | 95 724 000 britisk pund (2017) | ||
Donasjonar | 30 930 000 britisk pund (2017) | ||
Tilsette | 487 (2017) | ||
Nettstad | http://www.bfi.org.uk/ |
BFI forvaltar verdas største filmarkiv med meir enn 50 000 spelefilmar og over 100 000 andre titlar, i tillegg til om lag 625 000 fjernsynprogram. Det meste av innhaldet i arkivet er britisk, men det omfattar også ein del internasjonalt viktige filmar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «British Film Institute» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2019.