Broummana
Brummana (arabisk برمانا) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg aust for Beirut med utsyn over hovudstaden og Middelhavet.
Brummana | |||
برمانا | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Matn distrikt | ||
Høgd | 700−800 moh. | ||
Koordinatar | 33°51′57″N 35°35′42″E / 33.8659°N 35.5950°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Broummana 33°52′57″N 35°37′42″E / 33.8825°N 35.628333333333°E | |||
Kart som viser Broummana.
| |||
Wikimedia Commons: Brummana |
Som dei fleste landsbyane i området har Brummana eit arameisk namn som truleg tyder huset til Rammana, guden for luft, uvêr og torevêr.
Klima
endreSomrane er uvanleg tørre i Brummana og byrjar tidleg i mai og endar i midten av oktober. Sommartemperaturane går sjeldan over 30 ºC. Luftfukta om sommaren er i snitt 68 %. Vinteren er våt og mild med ein temperatur som varierer mellom 5 og 18 ºC, stundom med snøfall.
Demografi
endreBrummana er heimstad til forskjellige religiøse grupper, sjølv om kristne, hovudsakleg gresk-ortodokse, utgjer 49% og maronittiske katolikkar utgjer 41%, medan drusarar er ein større minoritet.[1] Mange arabiske turistar frå landa kring Persiabukta kjem hit om sommaren.
Det står ei særs gammal gresk-ortodokse kyrkje i Brummana. Kyrkja til profeten Cha'ya (Isaiah) var opphavleg ei austromersk festning som er kring 1 500 år gammal, men vart omgjort til ei kyrkje på 600-talet.
Turisme
endreBrummana er ein av dei største turiststadane i Libanon om sommaren på grunn av det behagelege klimaet. Han ligg øvst på ein furukledd ås med flott utsyn over Beirut, Middelhavet og fjella i aust.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Broummana» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Community, arkivert frå originalen 28. juli 2007, henta 22. august 2014