Opna hovudmenyen

Bruno Conti

italiensk fotballspelar

Bruno Conti (fødd 13. mars 1955) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Nettuno i provinsen Roma. Han vart verdsmeister med Italia i 1982 og vann fem meisterskapstitlar med AS Roma, ein klubb han var meir eller mindre fast på i til saman 13 sesongar. Mellom 1980 og -86 spela han 47 landskampar og skåra fem landslagsmål. Conti var ein fintesterk vingspelar.

Bruno Conti
Italia82.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Bruno Conti
Fødd 13. mars 1955 (64 år)
Fødestad Nettuno i Italia
Høgd 169 cm
Posisjon Yttermidtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1973-1991 Roma 304 (37)
1975-1976 Genoa (lån) 36 (3)
1978-1979 Genoa (lån) 32 (1)
Totalt 372 (41)
Landslag
1980-1986 Italia 47 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Conti fekk proffkontrakt med Roma i 1973. Sidan han ikkje klarte å spele seg til fast plass i laget, vart han lånt ut til Genoa i 1975/76-sesongen. Her hadde han fast plass i startellevaren. Turen gjekk så tilbake til Roma, der han spela dei to neste sesongane. 1978/79 spela han på ny for Genoa på utlån.

Sommaren 1979 gjekk Conti tilbake til Roma og slo til for fullt. Dei neste elleve sesongane spela han 254 kampar og skåra 33 mål. Mellom 1980 og 1986 vann klubben den italienske cupen fire gongar. I 1983 gjekk Roma heilt til topps i Serie A. Dermed fekk klubben plass i Europacupen og spela seg fram til finalen 1984. På olympiastadion i Roma møtte klubben engelske Liverpool FC. Etter 120 minuttar stod det 1-1; Liverpool vann straffetevlinga 4-2.

Conti spela nokså fast på Romas fyrstelag fram til han var 35 år gammal i 1990.

LandslagsspelEndra

Conti debuterte på Italia sitt landslag hausten 1980, i 2-0-sigeren over Luxembourg i ein VM-kvalifiseringskamp på bortebane. Same hausten, i sin tredje landskamp, skåra han det eine målet då Jugoslavia vart slått 2-0 i Torino, også det ein kvalifiseringskamp til VM 1982.

Under fotball-VM i Spania i 1982 skåra Conti Italias mål i 1-1-oppgjeret mot Peru i Vigo den 18. juni 1982. Målet var det fyrste for Italia i turneringa, etter at den fyrste VM-kampen mot Polen enda 0-0. Italia, med Conti på bana i alle kampane, heva seg utover i meisterskapen og gjekk til finalen. I finalekampen i Madrid fekk Conti ei avgjerande rolle. Han var sentral ved Italias andre mål, som vart sett inn av Marco Tardelli. Seinare stod han bak det tredje målet til Italia, då han etter 81 minuttars spel avanserte frå midtstreken og sentra til Alessandro Altobelli som skåra. Italia vann kampen 3-1.

Sin siste landskamp spela Conti då Italia tapte åttedelsfinalen mot Frankrike under VM 1986 med 0-2.

MerittarEndra

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1983 med AS Roma
  • Italiensk cupmeister 1980, 1981, 1984 og 1986 med AS Roma
  • Sølvvinnar i Europacupen 1984 med AS Roma

KjelderEndra