Opna hovudmenyen
Kart over deltakarlanda i fotball-VM 1982
Italia sitt mannskap i VM-kampen mot Argentina i mellomrunda. Bak frå venstre; Zoff, Giancarlo Antognoni, Scirea, Graziani, Collovati og Gentile, framme frå venstre; Rossi, Conti, Cabrini, Oriali og Tardelli.

Verdsmeisterskapen i fotball 1982 vart avvikla i Spania i tida 13. juni til 11. juli 1982. Italia vann sin tredje VM-tittel etter finalesiger 3-1 over Vest-Tyskland.

For fyrste gong deltok 24 land i verdsmeisterskapen, desse var inndelt i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til ei mellomrunde med fire grupper, kvar av dei med tre deltakarland. Vinnarane av dei fire gruppene i mellomspelet møttest så til to semifinalar.

I semifinalane vann Italia 2-0 over Polen, medan Vest-Tyskland slo ut Frankrike i straffetevling. Den siste kampen vart høgdramatisk; den vesttyske målvakta Harald Schumacher felte franske Patrick Battiston som var i ferd med å skåre eit «opplagt» mål på stillinga 1-1 i ordinær tid, og i ekstraomgangane tok Frankrike leiinga 3-1 før vesttyskarane reduserte og så utlikna til 3-3.

Bronsekampen i Alicante enda med polsk siger 3-2 over Frankrike.

Dei 52 kampane fann stad på 17 arenaer i 14 ulike byar. Italienaren Paolo Rossi vart toppskårar i turneringa med seks mål.

Fyrste rundeEndra

Gruppe 1Endra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Polen 3 1 2 0 5–1 4 4
2   Italia 3 0 3 0 2–2 0 3
3   Kamerun 3 0 3 0 1–1 0 3
4   Peru 3 0 2 1 2–6 −4 2

Gruppe 2Endra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Vest-Tyskland 3 2 0 1 6–3 3 4
2   Austerrike 3 2 0 1 3–1 2 4
3   Algerie 3 2 0 1 5–5 0 4
4   Chile 3 0 0 3 3–8 −5 0

Gruppe 3Endra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Belgia 3 2 1 0 3–1 2 5
2   Argentina 3 2 0 1 6–2 4 4
3   Ungarn 3 1 1 1 12–6 6 3
4   El Salvador 3 0 0 3 1–13 −12 0

Gruppe 4Endra

# Lag K S U T Mål ± P
1   England 3 3 0 0 6–1 5 6
2   Frankrike 3 1 1 1 6–5 1 3
3   Tsjekkoslovakia 3 0 2 1 2–4 −2 2
4   Kuwait 3 0 1 2 2–6 −4 1

Gruppe 5Endra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Nord-Irland 3 1 2 0 2–1 1 4
2   Spania 3 1 1 1 3–3 0 3
3   Jugoslavia 3 1 1 1 2–2 0 3
4   Honduras 3 0 2 1 2–3 −1 2

Gruppe 6Endra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Brasil 3 3 0 0 10–2 8 6
2   Sovjetunionen 3 1 1 1 6–4 2 3
3   Skottland 3 1 1 1 8–8 0 3
4   New Zealand 3 0 0 3 2–12 −10 0

Andre rundeEndra

Gruppe AEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Polen 3 1 1 0 3–0 3 3
2   Sovjetunionen 3 1 1 0 1–0 1 3
3   Belgia 3 0 0 2 0–4 −4 0

Gruppe BEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Vest-Tyskland 3 1 1 0 2–1 1 3
2   England 3 0 2 0 0–0 0 2
3   Spania 3 0 1 1 1–2 −1 1

Gruppe CEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Italia 3 2 0 0 5–3 2 4
2   Brasil 3 1 0 1 5–4 1 2
3   Argentina 3 0 0 2 2–5 −3 0

Gruppe DEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Frankrike 3 2 0 0 5–1 4 4
2   Austerrike 3 0 1 1 2–3 −1 1
3   Nord-Irland 3 0 1 1 3–6 −3 1

FinalenEndra

 
Lagoppstillingane i finalen, Italia i blått

VM-finalen mellom Italia og Vest-Tyskland fann stad på Santiago Bernabéu i Madrid om kvelden 11. juli, med 90 000 tilskodarar til stades. Etter ein mållaus fyrste omgang skåra Italia i det 12., 24. og 36. minutt av andre omgangen ved Rossi, Tardelli og Altobelli. Straks etter Italia sitt tredje mål, reduserte Paul Breitner for Vest-Tyskland.

Italia sitt meisterlag bestod av kapteinen Dino Zoff i mål, Gaetano Scirea, Claudio Gentile, Fulvio Collovati, Giuseppe Bergomi, Antonio Cabrini, Gabriele Oriali, Marco Tardelli, Bruno Conti, Paolo Rossi, Francesco Graziani. Graziani vart skadd og gjekk ut allereie i det 7. minutt, inn kom Alessandro Altobelli, som på side forlet bana i det 89. minutt til fordel for Franco Causio.

Mannskapet til Vest-Tyskland var: Harald Schumacher, Manfred Kaltz, Karlheinz Förster, Uli Stielike, Bernd Förster, Hans-Peter Briegel, Wolfgang Dremmler, Paul Breitner, Karl-Heinz Rummenigge, Klaus Fischer og Pierre Littbarski. Dremmler og ein småskadd Rummenigge forlet bana i det 62. og det 70. minutt, inn kom fyrst Horst Hrubesch og sist Hansi Müller.

KjelderEndra