Brunt-Väisälä-frekvensen
Brunt-Väisälä-frekvensen eller oppdriftsfrekvensen blir brukt i atmosfærisk dynamikk eller oseanografi om frekvensen som ein pakke vil svinge opp og ned med rundt likevektspunktet i eit statisk stabilt luft- eller vasslag.
- , der er potensiell temperatur, er den lokale tyngdeakselerasjonen og er høgda.
I havet der salinitet er viktig, eller i ein ferskvassinnsjø som er i ferd med å fryse til og tettleiken ikkje er ein lineær funksjon av temperaturen, har ein
- , der , potensiell tettleik, er avhengig av både temperatur og salinitet.
Kontekst
endreDynamiske prosessar der Brunt-Väisälä-frekvensen blir brukt er adiabatiske og innanfor stabile lagdelte hydrostatiske væsker. Viss ein pakke blir forskyvd vertikalt i ei slik væske, vil den akselerere tilbake til utgangspunktet på grunn av oppdriftskrafta. Viss omgivnadane hadde vore statisk ustabile ville ikkje pakken ha gått tilbake til utgangspunktet, men i staden halde fram i den retninga pakken blei forskyvd.