Potensiell temperatur

Potensiell temperatur er temperaturen ein luftpakke ved trykket ville hatt om den blei ført adiabatisk ned til lufttrykket ved havnivå. Symbolet for potensiell temperatur er og vert ofte skrive som

,

der er temperaturen til luftpakken, er gasskonstanten til luft og er den spesifikke varmekapasiteten ved konstant trykk.

Potensiell temperatur er ein meir dynamisk viktig storleik enn den eigentlege temperaturen. Under nesten alle forhold vil den potensielle temperaturen auke med høgda i atmosfæren i motsetnad til lufttemperaturen som kan både auke og minke.

Den potensielle temperaturen gjeld for alle kompressible væsker, men blir oftast brukt innan meteorologi og oseanografi

Potensielle temperaturperturbasjonarEndra

Potensielle temperaturperturbasjonar i det atmosfæriske grenselaget vert definert som skilnaden mellom den potensielle temperaturen i grenselaget og den potensielle temperaturen i den frie atmosfæren over grenselaget. Denne verdien vert kalla potensiell temperaturdefisit når ein har ein katabatisk straum, fordi overflata alltid vil vere kaldare enn den fri atmosfæren og den potensielle temperaturperturbasjonen dermed negativ.

MatematiskEndra

Entalpiforma av termodynamikken si første lov kan skrivast som:

 ,

der   er entalpiendringa,   temperaturen,   entropiendringa,   spesifikt volum og   trykket.

For adiabatiske prosessar er entropiendringa lik null og den første lova vert redusert til

 .

For tilnærma ideelle gassar som tørr luft i jordatmosfæren, kan tilstandslikninga   settast inn i den første lova, og vi kan då omarrangere og få:

 ,

der   blei brukt, og begge ledda blei delt på produktet  

Ved å integrere får vi:

 ,

og ved å løyse for  , temperaturen luftpakken ville ha om ein flytta den adiabatisk ned til trykknivå   får vi:

 .

ReferansarEndra

  • M K Yau and R.R. Rogers, Short Course in Cloud Physics, Third Edition, publisert av Butterworth-Heinemann, 1989, 304 sider. EAN 9780750632157 ISBN 0-7506-3215-1