Bruschghorn er eit 3 056 meter høgt fjell i den sveitsiske kantonen Graubünden. Bruscghorn er hovudtoppen på ein 2200 m lang og nokså jamnhøg fjellrygg. Frå 3 036 m høge “Schwarzhorn” (=Svarthorn) må ein knapt 40 meter ned fjellryggen før ein etter kring 520 meter luftlinje når “Gelbhorn” (=Gulhorn), som også er 3 036 moh. Derifrå er er det 1 100 meter vidare til sjølve Bruschghorn. Mellom Gelbhorn og Bruschghorn må ein ned ca 80 høgdemeter. 680 meter nord for hovudtoppen er eit namnlaust toppunkt på 3 044 m, ryggen mellom denne høgda og hovudtoppen er heile vegen over 3 000 meter over havet.

Bruschghorn
fjell
Bruschghorn frå vest; Turrahuus i Safiental
Land  Sveits
Fjellkjede Dei lepontinske Alpane
Høgd 3 056 moh.
Koordinatar 46°37′52″N 9°18′23.8″E / 46.63111°N 9.306611°E / 46.63111; 9.306611
Kart
Bruschghorn
46°37′52″N 9°18′24″E / 46.631111111111°N 9.3066111111111°E / 46.631111111111; 9.3066111111111
Kart som viser Bruschghorn.
Kart som viser Bruschghorn.
Kart som viser Bruschghorn.
Wikimedia Commons: Bruschghorn

Alle toppane, frårekna den nordlegaste og namnlause 3 044 m høge toppen, som høyrer til Safien, ligg på grensa mellom Safien og Safiental i vest og Casti-Wergenstein i Schams i aust.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre