Graubünden (tysk Graubünden, italiensk Grigioni; retoromansk Grischun, fransk Grisons) er den austlegaste, største og tynnast busett av kantonane i Sveits. Han grensar til Liechtenstein og Austerrike (Vorarlberg og Tirol) i nord, Italia (Sør-Tirol og Lombardia) i aust og sør, og kantonane Ticino, Uri, Glarus og St. Gallen i vest og i nord. Graubünden er trespråkleg, retoromansk, tysk og italiensk, som den einaste kantonen i Sveits.

Graubünden
Graubünden, Grisons, Grigioni, Grischun
kanton
Symbol
Land  Sveits
Del av Southeastern Switzerland
Hovudstad Chur
Høgaste punkt 4049 m (Piz Bernina)
Areal 7 105 km²
Folketal 192 621  (2011)
Kanton sidan 1803
Språk tysk (54 %), retoromansk (31 %), italiensk (15 %)
Kart
Graubünden
46°45′ N 9°30′ E
Wikimedia Commons: Canton of Graubünden
Albulafjella sett frå Piz Platta
Vorderrhein, vest i Graubünden
Nedre Engadin, aust i Graubünden
Ved Silsersee, sør i Graubünden
Kart over Graubünden

Hovudstaden i kantonen er Chur. Mange vintersportsstader ligg i kantonen, dei mest kjende er Davos og St. Moritz.

Geografi endre

Graubünden er prega av eit fjellandskap. Kantonen er elles dominert av tre større dalføre som strekker seg i sørvestleg–nordaustleg retning, med mellomliggande fjellkjeder. Gjennom dalføra renn to av bielvane til Rhinen, Vorderrhein og Hinterrhein, og dessutan Inn. Kjeldene til alle dei tre elvane ligg i Graubünden. Vorder- og Hinterrhein møtest ved Tamins. Inn, som ligg lengst i søraust av elvane, renn gjennom landskapet Engadin. Øvre Engadin, som ligg mellom 1 600 og 1 800 meter over havet, er eit av dei høgstliggjande dalstrøk i Europa med permanent busetting.

Mellom Vorderrheindalen og nabokantonane Uri, Glarus og St. Gallen ligg Glarus-Alpane med toppar opptil 3 614 moh. Tödi. Mellom Vorderrhein, Hinterrhein og nabokantonen Ticino ligg Adulafjella med Adula (tysk Rheinwaldhorn, 3 402 moh.) som høgste topp. Mellom Rhindalane og Engadin reiser Albulafjella seg opp til 3 418 moh. høge Piz Kesch. Berninafjella i sør er grensefjell mellom Engadin og Italia. Her er Graubündens høgste fjelltoppar, to av dei er over 4 000 moh.; Piz Bernina (4 049 moh.) og La Spedla (4 020 moh.).

Fjella som dannar grense mot Liechtenstein og Austerrike er Rätikon med 2 964 moh. høge Schesaplana, og Silvretta med 3 411 moh. høge Piz Linard, som de i høvesvis høgste toppane.

Språk endre

Graubünden har tre offisielle språk; tysk (54%), retoromansk (31%) og italiensk (tala av 15 % av innbyggjarane). Størstedelen av befolkninga har tysk som morsmål. Dei fleste av desse talar alemanniske dialektar, inkludert walsertysk, i områda nærast Tirol, i Samnaun og Val Müstair, vert også tala bairisk). Nest største språkgruppa er retoromansk-talande. Retoromansk er eit språk som berre vert tala i Graubünden, og har her status som offisielt språk. I fleire område er retoromnsk i ferd med å verte fortrengt av tysk, og dei fleste brukarane av retoromansk talar flytande tysk. Retoromansk er dominerande i Vorrheindalen og Nedre Engadin. Retoromansk består av fleire dialektar knytt til dei ulike dalføra.

Graubünden er grenseskilje for utbreiinga av tysk. I dalane sør for hovudkammen for Alpane; Valle Mesolcina, Val Bregaglia og Valposchiavo, er så godt som reint italienskspråklege. Italiensk er såleis kantonens tredje offisielle språk. Graubündens italiensk er i slekt med lombardiske dialektar. Den fjerde dalen, Val Müstair, som ligg ved sida av Nedre Engadin, er nesten reint retoromanskspråkleg.

Samfunn endre

Graubünden består av 176 kommunar (politische Gemeinden, cumüns, comuni) med stort politisk sjølvstende. Kommunane er samla i 39 ulike krinsar (Kreise, circuls, circoli) som i sin tur vert ordna i 11 distrikt (Bezirke, dertgiras, distretti). Dei elleve distrikta, som er reint administrative einingar, er fylgjande:

  • Albula/Alvra, sentralt i kantonen
  • Bernina, tilsvarar dalen Valposchiavo
  • Hinterrhein
  • Imboden, kring åmotet mellom Vorder- og Hinterrhein
  • En/Inn, tilsvarar Nedre Engadin samt Val Müstair
  • Landquart, nord i kantonen, med grenser mot St. Gallen og Liechtenstein
  • Maloja/Maloggia, tilsvarar Øvre Engadin samt Val Bregaglia
  • Moesa, tilsvarar Valle Mesolcina
  • Plessur, tilsvarar Chur og omlandet
  • Prättigau/Davos, nord i kantonen, mot grensa til Austerrike
  • Surselva, tilsvarar Vorderrheindalen

Politikk endre

Storrådet (Grosser Rat, Cussegl grond, Gran consiglio) er den lovgjevande makta i Graubünden. Forsamlinga har 120 medlemmar og vert vald for fire år. Innbyggarane kan bidra direkte til lovgjevinga gjennom folkerøystingar. Slike kan krevjast av kommunane, av innbyggarane eller, i bestemte tilfelle, er folkerøystingar obligatoriske, td grunnlovsendringar.

Regjeringa (Regierung, Regenza, Governo) har den utøvande makta i kantonen, ho har fem medlemmar og er folkevald. Eitt av medlemmane er regjeringspresident, dette vervet skifter årleg.

Graubünden har også ei eiga dømmande makt.

Religion endre

Graubünden er ein av få kantonar der inga trusretning dominerer. Heilt sidan 1600-talet har det vore ei blanding av katolske og protestantiske kommunar. I dag er mellom andre Surselva, Surses, Val Mesolcina og Valposchiavo stort sett katolsk. Prättigau, Hinterrheindalen, Engadin, Samnaun og Schanfigg er derimot i hovudsak protestantiske område.

Historie endre

I romartida vart Graubünden kalla Raetia og var busett av retarane.

Chur bispedømme vart grunnlagt på 400-talet og var dermed det første bispesetet nord for Alpane. På 1200-talet koloniserte germanske innvandrarar Graubünden både frå vest gjennom walserfolket og, litt seinare, frå nord gjennom alemannarar. På den tida låg Nedre Engadin og Val Müstair under grevskapet Tirol, medan resten av Graubünden høyrde til under biskopen i Chur.

 
Historisk kart over landområda til dei «Tre Forbunda»: Gotteshausbund i grønt, Grauer Bund i beige og Zehngerichtebund i oransje. Vassallområda mellom 1512 og 1797 er i grått.

Då Tirol med Nedre Engadin kom under habsburgarane i 1363, auka konfliktnivået med biskopen av Chur. Befolkninga i Engadin danna i 1367 Gotteshausbund («gudshusforbundet») som forsvar mot stormaktene som prøvde å kontrollere området. Seinare forsvarte folket i Vorder- og Hinterrheindalane og folk nord i regionen seg gjennom å grunnleggje høvesvis Grauer Bund eller Oberer Bund («det grå» eller «øvre forbundet») i 1395 og Zehngerichtebund («tikommuneforbundet») i 1436. Dei tre forbunda danna òg, etter forbilde frå urkantonane sitt eidsforbund, eit eidsforbund med kvarandre; Drei Bünde («tre forbund»). Graubünden sitt våpenskjold ser ein i dag i symbola til desse tre forbunda.

År 1497 erklærte dei tre forbunda seg som «forbundsfellar» av det sveitsiske eidsforbundet. Habsburgarane gav opp sine territorielle krav etter eit militært nederlag i 1499. Dei hadde i 1464 skaffa seg borga og kommunen Tarasp i Nedre Engadin, som vart verande ein austerriksk enklave fram til 1803. Dessutan kom øvre Vinschgau, som lenge hadde danna eining med Nedre Engadin og Val Müstair, under Tirol i 1618.

Graubünden var ein typisk passtat, då seks viktige alpepassasjar låg på forbunda sine område. Fire av desse, Berninapasset, Malojapasset, Ofenpasset og San Bernardino-passet var kontrollert av forbunda sidan dei rådde over landet på begge sider av dei ulike passa. Forbunda forsterka makta si då dei i 1512 lukkast med å tileigne seg Bormio, Valtellina, Chiavenna og Tre Pievi som vasallstatar. Dermed var for det første også Splügenpasset mellom Hinterrheintal og Comosjøen lagt under bündnerisk kontroll. For det andre utvida forbunda sitt maktområde til sørskråningane av passa, heilt ned til dalbotnane for dei ulike andre passa.

Graubünden måtte i 1792 gje opp vasallstatane i sør, då desse slutta seg til Den cisalpinske republikken. Berre nokre år seinare måtte Graubünden også oppgi sitt sjølvstende og vart i 1799 del av republikken Helvetia og vidare i 1803 delstat i forbundsrepublikken Sveits.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Graubünden