Brystbein

eit avlangt, flatt og slipsforma bein på bringa som held på plass dei første sju para med ribbein

Brystbeinet eller sternum (latin sternum, frå gresk στέρνον, sternon, «bryst») er eit langt flatt bein midt på brystkassa. Dei fleste ribbeina er fest til brystbeinet med brusk.

Plasseringa av brystbeinet i menneske.
Posterior-overflata til brystbeinet.

Brystbeinet har tre delar. Desse er bundne saman med brusk som blir til bein i menneske frå 50- til 70-årsalderen.[1]

Brystbeinet kan minna om eit romersk gladiatorsverd, noko som har gjeve namn til den øvste delen; «handtaket» eller manubrium sterni.[2] Midtdelen blir kalla «kroppen» eller corpus sterni, medan den spisse nederdelen av brusk blir kalla processus xiphoideus, etter det greske ordet for sverd, xyphos.[2]

Hjå menn er «kroppen» av brystbeinet i regelen over dobbelt så lang som «handtaket», medan han er kortare hjå kvinner. Dette er ein mindre kjend kjønnsdimorfisme hjå menneske.[3]

Kjelder endre

  1. «Brystbenet» i Store medisinske leksikon (snl.no)
  2. 2,0 2,1 Manubrium, Anatomy Words (anatomyalmanac.blogspot.co.uk)
  3. Sternum, Anatomy Words (anatomyalmanac.blogspot.co.uk)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brystbein
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.