Buckle Island er ei av tre hovudøyar i dei folketomme Ballenyøyane i Sørishavet. Ho ligg 25 km nordvest for Sturge Island og 8 km søraust for Young Island, kring 110 km nord-nordaust for Belousov Point på det antarktiske fastlandet.

Buckle Island
øy
Buckle Island er den midtre av Ballenyøyane
Land  Ross Dependency
Øygruppe Ballenyøyane
Del av Ballenyøyane
Koordinatar 66°39′S 163°3′E / 66.650°S 163.050°E / -66.650; 163.050
Lengd km
Høgd 1 239 m
Areal 123,6 km²
Folketal 0
Type Stratovulkan
siste utbrot 1899
Kart
Buckle Island
66°47′00″S 163°15′00″E / 66.783333333333°S 163.25°E / -66.783333333333; 163.25
Buckle Island is located in Antarktis
Buckle Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Buckle Island

Øya er omtrent trekanta med ei lang side i aust og vest og ei kort side i nord. Ho er kring 4 km brei nord og 8 km brei i sør. Øya har vulkansk opphav og er framleis vulkansk aktiv. Det siste utbrotet kom i 1899.

Det nordlegaste punktet på Buckle Island erCape Cornish. Fleire små holmar ligg i sundet mellom Cape Cornish og Young Island, og den største av desse er Borradaile Island. Fleire mindre holmar ligg utanfor sørkysten av øya, Cape McNab, mellom anna Sabrina Islet og den 80 meter høge stauren The Monolith. Både Buckle Island og Sabrina Islet har koloniar av adelie og ringpingvinar.

Øyane er ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.

Kjelder

endre

}}