Bujelva
Buj (russisk Буй) er ei elv i Perm kraj, Udmurtia og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Ho spring ut i Kujedinskom i Perm kraj og renn nordvestover gjennom Basjkortosan før ho munnar ut i Kama i Udmurtia.
Buj | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 530 km² | ||
Lengd | 228 km | ||
Kjelde | Perm kraj | ||
Munning | Kama | ||
Bujelva 56°39′31″N 55°26′04″E / 56.658611111111°N 55.434444444444°E | |||
Kart over Kama med Buj (Буй) i midten
|
Elvar er 228 km lang og har eit nedslagsfelt på 6530 km². Buj har eit fall på 153 meter frå kjelde til munningen og ei gjennomsnittleg helling på 0,4 meter per kilometer.
Dei største sideelvane hennar er Arej og Amzia frå venstre, og Osja og Piz frå høgre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Буй (река)» frå Wikipedia på russisk, den 19. oktober 2008.