Elva Kama
Kama (russisk Ка́ма) er ei stor elv i Russland og den lengste sideelva til Volga frå venstre. Før dei renn saman er ho faktisk lenger enn Volga.
Kama | |||
elv | |||
Kama og Toima renn saman ved Jalabuga
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Unified Deep Water System of European Russia | ||
Nedslagsfelt | 507 000 km² | ||
Lengd | 1 805 km | ||
Kjelde | Udmurtia | ||
Munning | Volga | ||
![]() Elva Kama | |||
Wikimedia Commons: Kama River | |||
Elva spring ut i Udmurtia, nær byen Kuliga og renn nordvestover i 200 km, før ho snur nordaustover nær byen Lojno i nye 200 km, før ho så snur sørover og vestover i Perm kraj. Ho renn igjen igjennom Udmurtia og så gjennom Tatarstan, der ho munnar ut i Volga.
Totalt har Kama ei lengd på 1805 km. Dei største sideelvane hennar er Kosa, Visjera, Sylva, Tsjusovaja, Belaja, Ik, Izj, Zaj, Vjatka og Mjosja. Av byar ved Kama finn ein Solikamsk, Berezniki, Perm, Sarapul og Naberezjnje Tsjelnyj. Elva renn vest for Uralfjella og vert mykje nytta til transport.
Før jernbanane vart bygd var Kama knytt til viktige portager med Nordre Dvina og Petsjora. Tidleg på 1800-talet vart Nordre Jekaterinskij-kanalen bygd mellom øvre Kama og Vytsjegda, ei sideelv til Nordre Dvina, men denne vart lite brukt og stengd etter nokre år.
Demningar og reservoarEndra
Kama er demd opp fleire stader:
- Ved Perm ligg demninga Kama vasskraftverk som dannar Kamareservoaret
- Ved Tsjajkovskij ligg Votkinsk vasskraftverk som dannar Votkinskreservoaret;
- Ved Naberezjnje Tsjelnyj ligg demninga Nizjnekamsk vasskraftverk som dannar Nizjnekamsk-reservoaret.
GalleriEndra
Ei fagverksbru av Lavr Proskuryakov over Kama. Tidleg fargebilete av Prokudin-Gorskij frå om lag 1912.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kama River» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2008.