Burckhardt er eit ringfjell nordaust på månen. Det ligg mellom kratera Geminus like mot nord og Cleomedes i sør.

Burckhardt

Koordinatar31°06′N 56°30′E / 31.1°N 56.5°E / 31.1; 56.5
Diameter57 km
Djupne4.8 km
Colengdegrad304° ved soloppgang
EponymJohann K. Burckhardt

Burckhardt ligg på tvers av to noko mindre krater, og dannar eit trippelt krater. Burckhardt E ligg under den sørvestlege delen av Burckhardt, medan Burckhardt F ligg under den nordvestlege delen. Kanten av Burckhardt er hovudsakleg sirkelforma, men noko ujamn. Det sentrale området av kraterbotnen består av ei lita høgd.

Satellittkrater endre

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Burckhardt.

Burckhardt Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 30.5° N 58.8° E 28 km
B 29.9° N 60.1° E 11 km
C 31.6° N 59.0° E 6 km
E 30.6° N 55.7° E 39 km
F 31.4° N 57.2° E 43 km
G 32.1° N 57.5° E 7 km


Kjelder endre