Burgundisk er eit utdøydd austgermansk språk som blei brukt av burgundarar i Burgund i søraustlege Gallia så seint som 400-talet.

Ein veit lite om språket. Det er skrive ned nokre personnamn på burgundarar, og ein del dialektord som ein framleis nyttar i området i moderne tid, kan vera avleidde frå det gamle burgundiske språket, men det er ofte vanskeleg å skilja desse frå germanske ord av anna opphav.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.