400-talet

hundreår

< 400-talet > var prega av folkevandring og barbarinvasjonar i fleire større rike i Afrika, Asia og Europa. Dette var hundreåret då Vestromarriket braut saman, medan det indiske Guptariket blei alvorleg svekka. Skandinavia såg mange småkrigar, og bygdeborger blei brukte. Dette hundreåret var del av jernalderen i mange område i Afrika, Asia og Europa.

Dei danske Gallehus-horna, gullhorn med den eldste kjende runeinnskrifta frå Danmark, er frå 400-talet. Fotografiet syner moderne kopiar gjort etter gamle teikningar, for originalane vart stolne og smelta om.

Verda endre

Amerika endre

Marajoarakulturen tok til på øya Marajó ved utløpet av Amazonaselva. Kulturen blei eit av dei første mektige fyrstedøma i Amazonas mellom 400 og 1300.

Aztekarbyen Teotihuacán hadde rundt 250 000 innbyggjarar i 400, og var under intensiv utbygging.

Nazcakulturen i noverande Peru blomstra rundt 450.

Afrika endre

Dei første byane voks fram sør for Sahara. Djenné-Djenno i noverande Mali voks til eit handelssenter i regionen. Ein eksporterte matvarer (fisk og korn) og importerte varer som jernmalm og møllesteinar frå nye byar langs den sørlege utkanten av Saharaørkenen. Jernalderfolk busette seg mellom Zambezi og Limpopofloden i dette eller det neste hundreåret. Dei utvikla seinare den utbreidde Zimbabwekulturen.

Kongerika Benin, Ghana, Ife, Mali og Songhai fanst i Vest-Afrika.

Asia endre

Tyrkiske folk (T'u-kiue) budde i Altaifjella.

Avarkongedømet (Ruanruan), som strekte seg frå Korea til Irkutsk, blei oppretta.

Aust-Asia endre

Høgdepunkt for kongedømmet Koguryo (Korea) under herskarane Kwanggaet'o Wang den store og sonen hans, Changsu Wang. Sillakulturen la etter seg kongegraver i Korea.

Kongeriket Yamato i Japan. Yamatoklanen rådde for Nara-området midt på Honshu og breidde seg søretter og ut mot kysten av Japanhavet. Japan gjekk inn i historisk tid då kinesiske skriftteikn blei tekne i bruk. Samstundes blei Japan opprika av innslag frå kinesisk sivilisasjon gjennom kontakt med Korea. Den opphavlege oppdelinga i talrike fyrstedøme meinka med tida, og ein guddommeleg keisar fekk makta (tennô) ca. 520. Det første shintotempelet blei oppført i Japan i 478.

Etter tradisjonen kom brahminen Kaundiya til Funan sør i Vietnam. Etter å ha vunne over dottera av ein slangekonge (nâga) hjelpt av ein fortrolla boge, tok han henne til kone og blei teken til konge av folket. Han endra på lovene, så dei følgde indiske føresegner.

Frå 420 var Kina delt i ein nordleg (Det nordlege Wei-dynastiet) og ein sørleg del (420-479: Liu Song-dynastiet og etter 479: det sørlege Qi-dynastiet).

  • 439: Nordlege Wei dominerte Nord-Kina fram til 543.
  • 439: Keisar Toba Dao sameinte Nord-Kina.
  • 449: Toba Dao sette i gang forfølging av buddhistar.
  • 450: «Dei kvite hunarane» gjekk til åtak på sassanideriket.
  • 452: Keisar Toba Hsün, som etterfølgde Toba Dao, oppgav forfølginga av buddhistar i Nord-Kina.
  • 477: Hærføraren Lin Yu blei den første Song-keisaren i det sørlege dynastiet. Buddhisme blei statsreligion i Kina.
  • 479: Qi-dynastiet overtok makta i Sør-Kina.
  • 488: Kvite hunarar sigra over kongen av sassanideriket og drap han, men riket heldt seg framleis.

Søraust-Asia endre

Buddhismen nådde Burma og Indonesia. Det oppstod to politiske einingar dagens Indonesia. Dei sjøfarande kongedøma handla langs kysten av Sumatra, nordsida av Java, Borneo og Sulawesi. Kongedømer i aust og det indre av Java dreiv med risdyrking og hadde kulturell med India, som gav dei skrivekunst, hinduisme og buddhisme derfrå.

Sør-Asia endre

Guptariket i Nord-India blei frå midten av hundreåret sterkt truga av «huna» (hunarar?), som pressa på frå nord. I 480 gjekk kvite hunarar frå Transoxiania inn i Guptariket.

Romafolk vandra nordover, ut av India. Nestorianismen kom til India

Tolkappiyam, ei tamilsk avhandling om grammatikk på vers, blei skriven.

Europa endre

Isen nådde si største utbreiing i perioden mellom 400 og 750, om ein måler ut frå Fernaugletsjeren i Tyrol.

Det økonomiske og politiske tyngdepunktet i Romarriket flytta seg mot aust, og Vestromarriket gjekk etter kvart under.

Folkevandringstida (400-600) eller eldre jernalder i dei germanske landa. Rundt 440 slo dei første angelsaksiske nybyggarane seg ned i Storbritannia, bedne av Vortigern. Skottar flytta frå Irland til Skottland, der dei grunnla kongeriket Dalriada (Argyll). Irland blei delt inn i sju kongerike under ein storkonge, Ard Ri.

Skandinavia endre

 
Rekonstruert hus frå skandinavisk jernalder slik det kan ha sett ut på 400-talet.

Dyreornamentikk dukka opp som stilart, og ein tok i bruk brakteatar, ein type gullsmykke med bilete som truleg hadde med mytologi og kult å gjere. Gallehus-horna har den eldste danske runeinnskrifta.

Det blei bygd byar og festningar på Gotland, Öland og Bornholm. Dei første runesteinane blei reist på Gotland.

Oseania endre

Polynesarar nådde Tahiti, Selskapsøyane, Påskeøya og Hawaii.

Viktige namn endre

Oppfinningar, oppdagingar og nybrott endre

Kulturelle framstillingar endre

Kjelder endre

<< 400 | 401 | 402 | 403 | 404 | 405 | 406 | 407 | 408 | 409 | 410 | 411 | 412 | 413 | 414 | 415 | 416 | 417 | 418 | 419 | 420 | 421 | 422 | 423 | 424 | 425 | 426 | 427 | 428 | 429 | 430 | 431 | 432 | 433 | 434 | 435 | 436 | 437 | 438 | 439 | 440 | 441 | 442 | 443 | 444 | 445 | 446 | 447 | 448 | 449 | 450 | 451 | 452 | 453 | 454 | 455 | 456 | 457 | 458 | 459 | 460 | 461 | 462 | 463 | 464 | 465 | 466 | 467 | 468 | 469 | 470 | 471 | 472 | 473 | 474 | 475 | 476 | 477 | 478 | 479 | 480 | 481 | 482 | 483 | 484 | 485 | 486 | 487 | 488 | 489 | 490 | 491 | 492 | 493 | 494 | 495 | 496 | 497 | 498 | 499 >>