Burnley
Burnley er ein by i Lancashire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Burnley.
Burnley | ||
---|---|---|
Rådhuset | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lancashire | |
Distrikt | Burnley | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
15,82 km² | |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
73,526 4,6 /km² | |
Koordinatar | 53°47′N 2°15′W / 53.783°N 2.250°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BB10-12 | |
Telefon-retningsnummer | 01282 | |
Byen voks opp omkring industriverksemd på 1800-talet. Det var særleg tekstilindustri som var viktig, og då denne møtte nedgangstider førte det til høg arbeidsløyse i Burnley. I 2001 oppstod det ved fleire tilfelle uro i byen som ei følgje av sosial naud og spaningar mellom ulike folkegrupper, spesielt mellom kvite og asiatar. British National Party har hatt aukande oppslutning i lokalval, mykje på grunn av utbreidd fattigdom i fleire bydelar, medan den forholdsvis store delen av folkesetnaden som kjem frå Asia følar at dei blir pressa inn dei aller minst privilegerte områda i byen.
Sport
endreFotballklubben Burnley FC har spelt på Turf Moor sidan 1893, og var ein av klubbane som grunnla The Football League. Nordmannen Fredrik Ulvestad signerte for Burnley F.C. i 2015.