Bybuss er ein buss som er bygd for bytrafikk. Dei har som oftast hekkmotor, for at golvet, og difor innstigingshøgda, skal verta så lågt som råd. Dette gjer det lettare for folk som er skrøpelege til beins, eller sit i rullestol. Det gjer det òg lettare å lasta inn barnevogner. Hekkmotoren fører òg til god framkomlegheit på vinterføre. Ei anna eigenskap med bybussar er at akselavstanden er etter måten kort, noko som fører til at dei er smidige i trafikken. Moderne bybussar har automatkasse og luftfjøring.

Bybussar i Munkegata i Trondheim.