Byron Erickson (fødd 3. februar 1951 i Tucson i Arizona) er ein amerikansk teikneserieskapar og kreativ leiar i Egmont Creative, særleg kjend som redaktør for serieskaparar som Don Rosa og William Van Horn. Han starta teikneseriekarriéra si i 1983 ved «Another Rainbow», eit lite selskap drive og grunnlagt av Carl Barks-fans. Då dei fekk lisens til å gje ut Disney-seriar i USA under merket Gladstone, vart Erickson redaktør. I 1989, då Disney overtok lisensen, forlét han Gladstone til fordel for «First Publishing», som redaktør for ei mengde ulike seriar. To år seinare flytta Erickson til Danmark for å jobbe i Egmont, fyrst som ansvarleg redaktør, seinare som sjefredaktør, og no som kreativ leiar. Han finn også tid til å skrive historier.

Byron Erickson
Fødd 3. februar 1951 (69 år)
Tucson
Yrke teikneserieskapar

BakgrunnsstoffEndra