Carl Barks

amerikansk skribent og manusforfattar

Carl Barks (27. mars 190125. august 2000) var ein vidgjeten amerikansk teikneserieskapar. Han skreiv og teikna mest historier om Donald Duck, og laga mellom anna Andeby, Skrue McDuck og B-gjengen. I Noreg var Barks i mange år berre kjend som den gode teiknaren.

Carl Barks

Statsborgarskap USA
Fødd 27. mars 1901
Merrill
Død

25. august 2000 (99 år)
Grants Pass

Yrke skodespelar, skribent, kunstmålar, bonde, journalist, storyboard-artist, illustratør, teikneserieteiknar, tegneserieforfatter, animatør, teikneserieskapar, storyboardtegner
Religion ateisme
Ektefelle Garé Barks
Signatur
Carl Barks på Commons

Barks var fødd i Oregon. Foreldra var gardbrukarar, og familien flytta mykje rundt i Statane for å søkja lukka. Kanskje på grunn av dette, eller fordi høyrsla tok til å svikta, vart Carl eit einsamt barn og brukte lang tid på å fullføra skolegangen. Som vaksen tok han fleire jobbar, men i 1935 vart han tilsett i Disney Studios der han kom til å gjera ein god karriere.

Carl Barks i Finland i 1994

Ein kan seia at Carl Barks er den som gav Donald og dei andre endene i Andeby sjel. Han gav dei i alle høve personlegdomar og bakgrunnar. Donald har mange av eigenskapane til teiknaren, mellom anna er han ein sinnatagg som stadig skifter mellom dårleg betalte jobbar. Barks lét òg endene reisa ut i verda og gjorde seg flid med å få detaljane til å stemma.

Kjende historier endre

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre