Călărași
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Călărași (fleirtyding).
Călărași (/kə.lə'raʃʲ/) er ein by i Romania og hovudsete i Călărași fylke. Han har om lag 65 000 innbyggjarar og ligg søraust i landet ved breidda til elva Borcea, ei sideelv til Donau. Byen ligg i regionen Valakia, om lag 12 km frå grensa til Bulgaria og 125 km frå București.
Călărași | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Călărași | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Călărași | ||
Borgarmeister | Marius Dulce | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
133,22 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
58 211 437 /km² | ||
Koordinatar | 44°11′55″N 27°19′16″E / 44.19861°N 27.32111°E | ||
Høgd over havet | 13 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 910xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 42 | ||
Bilnummer | 42 |
Byen er eit industrisenter for tømmer og papir, mat- og glasproduksjon, tekstilar, medisinsk utstyr og tungindustri.
Historie
endreCălărași vart grunnlagd av fyrstane av Valakia som ein stasjon langs vegen til Istanbul. Denne vegen vart operert av ryttarar (călărași). Han utvikla seg til ein liten by og i 1834 vart han fylkeshovudstad.
Busetnader
endreCălărași er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Călărași | 65 181 | 58 211 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Călărași» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 12. februar 2023.