CJ Fish
CJ Fish Studioalbum av Country Joe and the Fish | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | May 1970 | |
Innspelt | Januar 1970 | |
Studio | Record Plant i Los Angeles | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 39:49 | |
Selskap | Vanguard | |
Produsent | Tom Wilson | |
Country Joe and the Fish-kronologi | ||
---|---|---|
Here We Are Again (1969) |
CJ Fish | The Life and Times of Country Joe and the Fish (1971)
|
CJ Fish er det femte studioalbumet til det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish frå San Francisco, utgjeve i mai 1970 på Vanguard. Det var den første plata deira som vart produsert av Tom Wilson og det siste dei gav ut på Vanguard Records. Innspelinga fann stad i Record Plant i Los Angeles i California.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Etter ein lengre turné med ei ny besetning, inkludert Big Brother and the Holding Company-gitaristen Peter Albin, drog gruppa i studio.[3]Country Joe McDonald hadde alt byrja å spele inn soloalbum for selskapet då innspelinga kom i gang. Endringane i Country Joe and the Fish var at trommespelaren Greg Dewey, bassisten Doug Metzner og klaverspelaren Mark Kapner var komen inn i bandet. Dei fremste låtskrivarane var Barry «The Fish» Melton og «Country Joe» McDonald som før, så albumet heldt noko av den same stilen som dei hadde hatt. Den nye besetninga turnerte mykje på tida då Woodstockfestivalen var og gruppa spelte òg i filmen Zachariah som den fredlause gruppa «The Crackers».[4]
Etter å ha eksperimentert på det førre albumet, Here We Are Again (1969), gjekk bandet attende til den tidlegare stilen frå dei to første albuma på dette albumet.[5] Sjølv om albumet er psykedelisk, er det òg dreidd i popretninga. Vanguards Records prøvde å gjere bandet meir radiovenleg og dette var det næraste bandet kom til å klare dette, sjølv om dei vart verande eit undergrunnnsband. Trass i ein suksessrik turné og respektable albumsal, vart bandet oppløyst året etter.[6]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sing Sing Sing» | Barry Melton | 3:01 |
2. | «She's a Bird» | 4:33 | |
3. | «Mara» | 2:57 | |
4. | «Hang On» | 4:08 | |
5. | «The Baby Song» | 2:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Hey Bobby» | 2:06 | |
7. | «Silver and Gold» | 2:47 | |
8. | «Rockin' Round the World» | 4:54 | |
9. | «The Love Machine» | Melton | 5:48 |
10. | «The Return of Sweet Lorraine» | 3:46 | |
11. | «Hand of Man» | 2:50 |
Medverkande
endre- Joe McDonald - vokal, gitar
- Barry Melton - vokal, gitar
- Greg Dewey - trommer
- Doug Metzner - bassgitar
- Mark Kapner - keyboard
- Peter Albin - gitar
- Teknisk
- Produsent: Tom Wilson
- Kunstnarisk leiar: Jules Halfant
- Plateomslag: David Edward Byrd
- Foto på baksida: Jules Kliot
Salslister
endre- 111. plasssen på Billboard Top LPs-lista.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «CJ Fish» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Country Joe and the Fish - CJ Fish». rockasteria.com.
- ↑ «Country Joe and the Fish 1970». cryptdev.com.
- ↑ Ron Cabral. «Country Joe and Me». Google.com.
- ↑ Brandon Budenz. «CJ Fish Review». allmusic.com.
- ↑ «CJ Fish Record». ace records.com.
- ↑ «CJ Fish - Awards». allmusic.com.