Los Angeles
Los Angeles | |
---|---|
Downtown Los Angeles | |
Styresmakter | |
Delstat Fylke |
California Los Angeles County |
Geografi | |
Flatevidd | 1 290,6 km² |
Tidssone | PT (UTC-8) |
Plassering | |
Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA. Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millionar.
LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.
HistorieEndra
Området Los Angeles ligg på har vore folkesett av amerikanske urfolk i tusenvis av år, i hovudsak av Chumashfolket og Tongvafolket.
Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolen Juan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.
Den 4. september 1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalla El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknyting til Fransiskanarane.
Fram til den meksikansk-amerikanske krigen i 1846-48 var byen ein liten meksikansk småby. Etter at USA erobra California byrja byen å veksa snøgt, som eit resultat av gullfeberen frå 1849. I 1850 fekk Los Angeles bystatus.
Folk frå Los AngelesEndra
- Grant Imahara (1970—2020), ingeniør, programleiar
BiletgalleriEndra
Downtown, sett frå Mulholland Drive
Hollywood-skiltet.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad Arkivert 2013-05-13 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Los Angeles Wiki Arkivert 2021-05-06 ved Wayback Machine.