Sambandsetterretning (engelsk Communications Intelligence, forkorta COMINT) er ein underkategori av SIGINT som styrer med avlytting av meldingar eller telefonsamtalar fanga opp frå framande samband.[1][2]

Ein vil prøva å finna ut desse elementa:

  1. Kven er det som sender meldinga eller snakkar i telefonen
  2. Kva for ein organisasjon høyrer desse til, og kva for rolle har dei i denne organisasjonen
  3. Etablere tidspunkt for meldingane eller samtalane - byrjing og slutt, og freista finna om det finst eit periodisk system i sendingane
  4. Etablere frekvensbruk, transmisjonstype og alle tekniske karakteristikkar i sendingane
  5. Registrere bruk av språk, dialektar, kodeord, trafikkodar og eventuell kryptering - eventuelt om dette kan dekrypterast
  6. Registrere eventuell bruk av adresser
  7. For avlytting av telefonisamtalar er det òg viktig å lytte etter bakgrunnsstøy, andre stemmer, motorlyd og liknande

Under Andre verdskrigen brukte USA sambandsfolk frå urfolka navajo og comanche som brukte eigne stammespråk for å gjere det vanskeleg for Japan å gjere seg nytte av informasjonen fra samtalane.

ReferansarEndra

  1. http://whatis.techtarget.com/definition/COMINT-communications-intelligence
  2. http://en.citizendium.org/wiki/Communications_intelligence