Comanchefolk er ein nordamerikansk urfolksstamme med rundt 10 000 medlemmar, der rundt halvparten lever i Oklahoma og resten er konsentrert i Texas, California og New Mexico.

Comanchemann.
Edward S. Curtis , Uwat - Comanche (1930)

Skildring endre

Historisk budde comanchene i det som i dag er det austlege New Mexico, sørlege Colorado, sørlege Kansas, heile Oklahoma og store delar av Texas. Comanchefolket var opphavleg ei talrik folkegruppe av jegerar og samlarar. Dei gjekk over til hestekulturen etter kontakten med europeiske erobrarar.

Det kan ha vore omkring 45 000 comanchefolk sist på 1700-talet.[1] I dag har den føderalt anerkjende stammen Comanche Nation 15 191 medlemmer (2012).[2] Stammen har hovudkvarter i Lawton i Oklahoma, der eit fleirtal av dei registrerte comancheolka også bur.[3]

Comanche er eit numisk språk i den uto-aztekiske språkfamilien. Det kan stundom klassifiserast som ein shoshonidialekt.[4] Berre rundt 1 % av comanchesfolk talar det opphavleg språket sitt i dag.[4][5]

Ordet «comanche» kjem frå namnet ute-folk brukte for dei, kɨmantsi, som tyder 'fiende'.[6]

Referansar endre

  1. McLynn, Frank. «Review of Pekka Hämäläinen, The Comanche Empire». Literary Review. Arkivert frå originalen 20. august 2008. 
  2. «The Official Site of the Comanche Nation ~ Lawton, Oklahoma». Comanchenation.com. Henta 18. juni 2012. 
  3. «2011 Oklahoma Indian Nations Pocket Pictorial Directory» (PDF). Oklahoma Indian Affairs Commission. november 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 12. mai 2012. Henta 2. januar 2012. 
  4. 4,0 4,1 «Comanche – American Indians». Encyclopedia of Oklahoma History & Culture. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. 
  5. «Comanche Indians». TSHA Handbook of Texas. 
  6. Bright, William, red. (2004). Native American Placenames of the United States. University of Oklahoma Press.